Billettinformasjon

Kjøp billett på nett!

Du bestiller billett og viser denne ved uthenting av band før marknaden.

Prisar 2025

Helgepass Kr. 1290 Per person
Inngang heile helga, fredag og laurdag

Fredagspass Kr. 795 Per person

Laurdagspass Kr. 795 Per person

Laurdagspass dagtid Kr. 250 Per person
Inngang til dagunderholdning. Gratis for dei under 15 år.

Aldersgrense og inngang

  • Nedre aldersgrense på konsert området er frå det året du fyller 15 år.

  • Kjøper du billett til personar som fyller 15 år i 2025 går dette under kategorien; Vaksen.


Legitimasjon

Alle marknadsdeltakara skal ha med seg gyldig legitimasjon. Personar uten gydlig legitimasjon kjem ikkje inn på marknaden. Einaste gyldig legitimasjon er bankkort med bilde og fødselsnummer, førarkort, nasjonalt ID kort eller pass. Nødpass er dessverre ikkje gyldig.
Det er ikkje akseptert med bilde av legitimasjon, som til dømes bilde av bankkort, pass eller likande.

Kjøp billett på førehand.

Vi satse på at Aurlandsmarknad 2025 blir ein suksess, og vi forventer derfor og bli utseld for billettar. Ver derfor tidleg ute med å kjøpe billett dersom du vil sikre deg plass.

Alkohol

Ingen under 18 år får kjøpe alkohol. Dei som er over 18 år får eit eige alkoholband. Dette har ulik farge frå det ordinære inngangsbandet.
Dette alkoholbandet må synast ved betaling og utlevering av alkoholhaldige varer. Dersom dette bandet blir mista, må ein gå attende til billettstanden, legimitere seg og få påsatt nytt band. Nytt band kostar 200kr.

  • For og hindre langing til personar under 18 år, er det ingen som får kjøpe meir en to alkoholeiningar samstundes.

Overstadig rusa personar har ikkje adgang til marknadsområdet. Dersom dette blir oppdaga inne på området, blir ein bortvist og får avklipt marknadsbande sitt.

Dersom mindreårige drikk alkohol eller blir observert som rusa, blir dei bortvist frå området. Ved forsøk på langing til mindreårige blir både den mindreårige og langaren bortvist og får avklipt marknadsbande. Foreldre/føresette til den mindreårige vil bli kontakta.

Har du framleis spørsmål?

Send oss gjerne ei melding på Facebook-sida vår, eller via kontakte oss skjema, so svare me deg på det du skulle lura på!