NYHENDE!

Følg med her for siste oppdatering rundt Aurlandsmarknaden 2017!

Robin og Bugge

Sjarmørane i ROBIN OG BUGGE kjem til Aurland i sumar! Pop-duoen har toppa hit-lister i Noreg i fleire år med låter som «Elak Elak», «Bongo Drum» og «Best når jeg er full». Fredagskvelden blir ein fest utan like når desse to står på scena på Odden! Gler du deg like mykje som oss?

Ausekarane

AUSEKARANE skal lage ellevill stemning på Aurlandsmarknaden 2017! Laurdag kveld viser gutane kva dei er gode for når dei står på scena på Odden. Me gler oss SÅ mykje til å høyre deira kjende hits og sjå eit vanvittig bra show! HURRA!

Folk Flest

Dei lokale heltane i FOLK FLEST spelar til dans og lovar god stemning på AURLANDSMARKNADEN 2017!
Med blant anna banjo, mandolin og fele som instrument, sørger dei for knallbra autentisk country- og irsk inspirert musikk. Med kjende låtar frå Emmylou Harris, Willie Nelson, The Pogues og mange fleire, vert det allsang på Odden og dansefoten skal få køyrt seg! ME GLER OSS!

Sandra Lyng

Me garanterer deilig stemning når pop-dronninga står på scena og framfører populære hits som LiQR, Play my drum, Moonrise, Night after night og mange fleir. Med millionvis av streamingar er ho ei av dei mest populære artistane i landet! Me ynskjer ho velkomen til verdas flottaste bygd og den tradisjonsrike Aurlandsmarknaden!